Antal ordsprog er 3392498
varav 4687657 på nordiska
Ordsprog (3392498 st) SøgKategorier (4672 st) Søg
Kilder (278583 st) SøgBilleder (4592 st)Født (10504 st)Døde (3320 st)Datoer (9524 st)Lande (28255 st)
Idiom (4439 st)
Lengde
Topplistor (6 st)
Ordspråksmusik (20 st)Statistik
Denna sidan visar ordspråk som liknar "Det er ein krevjande økonomiske situasjon i mange kommunar no og regjeringa tek det på alvor. Arbeidarpartiet og Senterpartiet prioriterer kommunane og signaliserte i vår, i kommuneproposisjonen for 2025, ein vekst i kommunesektoren sine frie inntekter med 6,4 milliardar kroner neste år. Det er ein vekst i frie inntekter som vil gi et handlingsrom utover demografi- og pensjonskostnader på 2,5 milliardar kroner. Det er den nest største satsinga på kommunane dei siste 15 åra, berre slått av Ap-Sp-regjeringa sitt første budsjett i 2022. Regjeringa sitt endelege forslag til kommuneopplegg for 2025 vert lagt fram i statsbudsjettet i oktober. Regjeringa vil framover ha høgt fokus på den økonomiske situasjonen i sektoren. Samstundes krev situasjonen og at kommunane styrer økonomien sin på en god måte. Eg har tillit til at kommunane vil gjera kloke prioriteringar for å få balanse i økonomien og gi innbyggjarane gode tenester.".